onsdag 13. juni 2012

Uro/fillekrans/fillekrone




I går kveld sat eg ute i sola og reiv stoffremser på harde livet.
Det er greitt å kunne sleppe alt det støvet innandørs.
Alle remsene skal bli til 2 fillekransar som skal henge ute på kvar si side
 av karnappet i stova, og den eine vart ferdig i går.
 Dei to siste somrane har eg hatt kvite kransar, men dei var no modne for utskiftning.
Eg valgte å bruke litt meir fargar denne gongen, så no går fargane i all hovudsak i grønt og rosa.
Dei passa faktisk veldig godt til husfargen også:)

Eg har brukt gamle/retro laken og dynetrekk og ei gardin (alle i bomull).
 Felles for dei var at dei var flekkete, falma eller skjoldete, og ikkje eigna seg til noko syprosjekt.
Dei lengste remsene er like lange som langsida på eit dynetrekk, 
og eg har brukt mellom 30 og 40 av dei til ein krans.
Remsene er 3-5 cm breie, bretta dobbelt, og knytt som ein slags slipsknute rundt metallbandet.
Bandet fekk eg forresten av kallen, og det eigna seg veldig godt til denne bruken.
Eg berre teipa det saman med isolasjonstape til ein ring.

Remsene er knytt så tett saman at dei dekkar ringen heilt, så kransen er ganske så fyldig.
Til slutt festa eg fire lengder med litt tjukk blomsterstreng i ringen, 
passa på at lengda var omtrent lik, 
surra strengane saman i toppen, 
bøygde enden nedover og surra rundt strengane for å lage ei løkke til å henge kransen etter.

Enkel og fin pynt til uterommet, og kransen/uroa er aller finast når vinden leikar med den:)
Og ein god erstattar for blomsterpottene som eg hadde hengandes her før, 
og som datt ned rett som det var...
Her ser du eit anna eksempel på ei fillekrone.
Eg hadde også perler på dei gamle, men der mine heng blir det for 
smått og usynleg til at eg vil spandere fleire perler.
Kanskje du fekk lyst til å lage ei uro eller to, du også?


Ha ein fin kveld!





This is a simple and lovely decoration for your balcony or garden room.
It is made of old fabrics, which are not good enough for my sewing work. 
Here you can see another one.




12 kommentarer:

Lilla dør sa...

Stillig... ein fin sommerpynt. klem lilla dør

gult hus i svingen sa...

Så utrolig flotte de er fillekransene dine:) Også så mart og enkelt:) Du er kreativ du, Sonja:)
Klem Trine.)

Trine sa...

Finfin krans:)

Astri sa...

Oh my goodness, what a good idea! The colors look so nice against the blue house. :-)

Gunnhild sa...

så fine fillekroner ;)

jeg har to i blått, hvitt og grønt på lysthuset mitt! de henger jeg opp når jeg har fri og er ute i hagen..koselig!

elviras drops sa...

Kor artig! Veldig dekorativt! Fine fargar du har valt.

I en Sving sa...

Så herlig krans. Nydelige farger og sikkert herlig syn når vinden gir den liv. :)

Anonym sa...

Herlig :-) ha en fin dag! Klem fra Anita

siri ore elle sa...

Dette ble kjempestilig!! Imponert!!
Fin dag til deg!!
Klem Siri

Duse Pasteller sa...

Wow, så kult!
Ble jo kjempefint!!
Nattaklem:)

Heather sa...

lovely project Sonja, looks great! Heather x

Fragmenter sa...

Så fin krans! Og ja, fargene passet godt til huset:)
Litt lite piff her om dagen, lite med kreative prosjekter. Men kjekt å titte innom deg og få litt inspirasjon:)
God helg, Sonja!
Klem

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...