lørdag 14. mars 2015

X-faktor: Røde og orange blomster




Perfeksjonisme


No er det visst jammen lenge sidan sist eg posta eit innlegg her på bloggen,
men eg vart umåteleg frista til å bidra i X-faktor hos Moseplassen.
Det var det fine vårvêret som lokka meg innom her i dag,
på leiting etter vårteikn i bloggeverden:)

Mitt bilde er av ei alldeles nydeleg georgine (dahlia) av ukjent namn, 
som eg foreviga på blomsterøya Mainau i Bodensee i fjor høst.
Der hadde dei ei kjempesvær georgineutstilling, og eg vart heilt 
sett ut av dei flotte fargane og variasjonane i blomstrane.
Ja, mitt forrige innlegg er faktisk frå turen dit.....

Dessverre har eg ingen georginer i min hage - mest på grunn 
av at eg ikkje orkar å bale med "ut og inn"-plantar, 
men også pga den forhatte brunsneglen:(


Ta ein tur innom Moseplassen og nyt fleire fine blomstrar der! 

 
 
 

søndag 2. november 2014

Bodensee II









I dag kjem det litt blomster/hagebilder, og alle er 
frå blomsterøya Mainau i Bodensee.

Dei øverste er georginer/dahlia frå den enorme samlinga på øya.

Under er det bilder frå crysanthemum-utstillinga.







Og til sist litt frå nokre av dei mange frodige beda i parken.





Dette vert kanskje mitt siste blogginnlegg.
Eg må dessverre seie at interessa mi er sterkt dalande, 
og eg brukar heller tida på andre ting enn blogging.

Takk til alle som har vist interesse for bloggen min!


Sonja




tirsdag 28. oktober 2014

Bodensee I


Det vert visst veldig lenge mellom innlegga her inne,
men eg glimtar til med to denne veka;)

Eg var på tur med det lokale hagelaget til området rundt Bodensee
(Tyskland/Sveits) i slutten av september.
Vi var utruleg heldige med vêret, og hadde nokre fantastisk 
flotte og innhaldsrike dagar der nede:-)
 

Utsikt til Bodensee

Rhinen/Stein am Rhein, Sveits

Koseleg tun

Langs Rhinen mot Stein am Rhein


Idyll ved Rhinen


Rheinfall, nær Schaffhausen i Sveits

 
Meersburg, Tyskland

Meersburg i solnedgang


Bodensee, kjent for alle seglbåtane



 Håpar du hadde glede av 'turen'.
I neste innlegg blir det litt frå hagebiten...






søndag 17. august 2014

Søndagstur










Det er gått ei stund sidan sist, ja;)
Men alt er vel, og eg følte for å dele litt igjen.

I dag har eg vore på tur til hjortefarmen på Svanøy.
Artig å kunne gå blant hjortane og klappe på dei,
og å studere desse fine dyra på nært hald.
Alle var sjølvsagt ikkje like tamme,
men dei kom fram til mating.
Litt andre dyr var der også, som du kan sjå.


Ha ei fin, ny veke!




Sunday trip

It's been a while, I know.
But everything is fine, and I felt for sharing a bit again.

Today I went to a deer farm.
It was lovely to walk among these animals.

Have a nice week! 




lørdag 26. april 2014

Sveitte fårepølser...






Ja, eg var vel ganske så sveitt, eg også;)
Hadde nok kledd meg litt for varmt.
 Slik ein herleg vårdag vi har hatt i dag.
Blir ikkje gjort mykje innandørs for tida, nei.

Nokre bilder frå dagens fjelltur til Øvre Fossedal.
Tenk å ha slik flott natur rundt seg.
På nederste bildet ser vi Laukelandsfossen, 
som til vanleg er betydeleg større.


Ha ei fortsatt fin helg!




   

onsdag 16. april 2014

Dørkrans i ein fart




Takkar så mykje for hyggelege tilbakemeldingar i forrige innlegg:)
Kjekt å vere tilbake her inne.

Fekk ånda over meg i dag, og surra i hop ein tøyremsekrans.
Ingrediensar: ein halmkrans og litt breie remser av gammalt sengetøy.
Sløyfa er knytt av ei enda breiare remse som er bretta dobbelt.
 



I dag begynte påskeferien min, og den innleia eg med ein fjelltur.
Best å komme seg ut før regnet kom;)


Ha ein fin kveld!




 

lørdag 12. april 2014

God påske!



Det er visst ei stund sidan forrige innlegg, ja.
Hadde verkeleg ikkje tenkt å legge denne hobbyen på hylla heilt enno.
Men det har gjort godt med ein pause frå blogginga, 
og kanskje var det nettopp det eg trengte...

  


Og kva har eg gjort med all den ledige tida i det siste?
Jo, det har vorte mange fine fjellturar og anna kroppsutfoldelse.
Eg har til og med tatt opp igjen jogginga - må sikkert vere over 20 år sidan sist!
 Ellers har eg lese ein del bøker, og (nesten) berre 
gjort ting eg har hatt lyst til å gjere.

Fuglane 'Lovebirds' på bildet var eg så heldig å vinne inne hos Signe,
og dei passar veldig godt her hos meg:)


Ha ei riktig God Påske, alle saman!




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...